|
FIRDA TYSDAG 10. FEBRUAR 2009 VÆRLANDET: Landøy Fiskeoppdrett AS vurderer å starte opp att lakseslakteriet på Værlandet dersom dei får sin tredje laksekonsesjon. Men då treng dei minst ti nye tilsette, og det er ikkje berre enkelt å skaffe så mange sesongarbeidarar i eit lite øysamfunn. Har utstyr til slakting – Vi hadde i fleire år eige slakteri, og slakta i snitt 60 tonn med laks for veka, men vanskar med å skaffe arbeidskraft, gjorde at vi la ned, fortel Ingvar Landøy, som er dagleg leiar på Landøy Fiskeoppdrett AS på Værlandet. Blant kriteria som regjeringa har sett for tildeling av nye konsesjonar, er det at laksen skal kunne foredlast lokalt, og at mindre aktørar i bransjen skal gå føre. Slik sett ligg fiskeoppdrettet på Værlandet godt an. Men Landøy er redd for å love for mykje. – Vi har utstyret ståande, men eg veit rett og slett ikkje om vi torer å skrive i søknaden at vi vil starte opp att slakteriet. Vi kan risikere at konsesjonen vert inndregen om vi ikkje klarer det. Pris: 8 millionar Saman med broren, Jarl, starta han med 6000 smolt i 1982. I dag er dei oppe i 400 000 smolt på to konsesjonar og sysselset 5,5 årsverk. Dei er likevel rekna som små i bransjen og kjem til søkje om konsesjon nummer tre når forslag til forskrift om tildeling av løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure har vore ute på høyring. – Prislappen er åtte millionar, så det er på vilkår av at Dalsøren (banksjefi Sparebanken Sogn og Fjordane, avd. Askvoll) er samd, flirer Landøy. Med ein ekstra konsesjon vil dei stå betre rusta til å møte alle utfordringane det er å jobbe med levande fisk. – Når vi set ut yngel, så er det umogeleg å spå kva som vil skje før den er slaktemogen om lag 15 månader seinare. Kanskje får vi sjukdom, kanskje går lakseprisar og renter opp eller ned. No på vinteren er det berre utgifter. Vi brukar om lag ein million kroner i månaden på fôr, men veit ikkje før vi slaktar til sommaren om vi får inntening. Dette er verre enn å spele bingo, ler Ingvar Landøy, som trur det vil ta om lag ti år å tene inn att konsesjonskostnaden. Ny betongflåte Bedrifta har laks i merdar på tre lokalitetar rundt Værlandet, og for å lette arbeidet investerer dei no i ein betongflåte på 17 gonger 20 meter. Den skal ankrast opp ved anlegget innmed Alden til våren. På flåten skal det stå fire siloar med plass til totalt 190 tonn laksefôr. – Flåten og fôringsanlegget vil forenkle arbeidet vårt mykje. I dag fraktar vi alt fôret i sekker, fortel røktar Helge Landøy, om nyinvesteringa som samla kostar mellom sju og åtte millionar. I 2000 kjøpte dei seg inn i setjefiskanlegget Norevåg Fisk AS, som sysselset tre personar og ligg i Hjønnevåg i Ytre-Sula, og i 2002 begynte dei å produsere sin eigen smolt. – Vi gjorde det for å sikre oss sikker tilgang på smolt. Men vi klekkjer berre til eige bruk. Kontroll i alle ledd Landøyfisk AS meiner det gjev ekstra tryggleik å både produsere sin eigen smolt og å ha eigarinteresser i eit eksportselskap. Difor kjøpte dei sist sommar, saman med fleire andre små oppdrettsanlegg i fylket, nok aksjar i lakseeksportøren Norwell AS, til å ta over kontrollen i selskapet som omset for om lag 700 millionar i året. Dei er også ein del av Salmon Group, som blant anna forhandlar fram fôravtalar til ein verdi av ein halv milliard kroner i året. FAKTA – Økologisk oppdrett uaktuelt HAVBRUK: Sjølv om det kunne sikra dei ein konsesjon, har ingen av oppdrettarane i Sogn og Fjordane prøvd å verte Debio-godkjende for økologisk lakseproduksjon. ANNE BRITT SANDØY – Vi har diskutert det fleire gonger. Oppdrettarar på Hebridane og i Skottland produserer organisk laks til ein betre pris, men det er ikkje openbert at vi vil komme like godt ut. Vi har høge investerings- og driftskostnader og får ikkje utnytta merdvolumet på same måte, seier dagleg leiar Jostein Kråkås i Sulefisk AS. Treng fleire løyve Han trur at med berre ein konsesjon, så vil det ikkje vere mogeleg å levere det kunden ønskjer. Dei vil ha leveringar heile året, men det er vanskeleg med berre eit løyve. – Vi har i dag fire konsesjonar, og kjem til å søkje om ein til. Det er eit faktum at organisk laks er betre betalt, men det er likevel ikkje aktuelt for oss å søkje på ein økologisk konsesjon, fastslår Kråkås. Sogn og Fjordane vil i vår få tildelt fem ordinære løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure. I tillegg kan oppdrettarane søkje på fem økologiske, som ikkje er geografisk bundne. Vilkåret for å få ein slik konsesjon er at bedrifta er Debio- sertifisert. Debio er ei form for miljømerking, og for å få denne sertifiseringa vert det blant anna stilt krav om at fôret skal innehalde meir fiskeavskjer. – Det er heller ikkje lov å bruke syntetiske antioksidantar og syntetiske fargestoff, fortel Jan Vidar Finden hos Debio. Raud sopp For å få farge på kjøtet må ein bruke rekeskal eller phasia, ein sopp som naturleg produserer raudfarge. I dag må det meste av slikt fôr importerast frå England eller Danmark. Yngelen vert vaksinert på vanleg måte, men for å nedkjempe lakselus, skal ein helst nytte leppefisk. – Det er også tillate å bruke legemidlar, men då er det dobbelt så lang tilbakehaldingstid i forhold til vanleg laks. Når det gjeld sjølve merdane, så kan det ikkje brukast koparimpregnerte merdar. – Det er meir fokus på reinhald gjennom dykking. Då vil det også raskare oppdagast om det er fare for rømming. I dag er det ingen økologiske oppdrett i Sogn og Fjordane. Finden fortel at så vidt han veit, så er det ingen lakseoppdrett som har søkt om sertifisering, men at dei har ein søknad frå eit blåskjeloppdrett til behandling.
|