|
Krise for torskeoppdrett FIRDA TYSDAG 10. FEBRUAR 2009 FLORA: – Å selje oppdrettstorsk til ein pris som er rekningssvarande for oppdrettarane er uråd i dagens marknad, seier fiskeseljar Per Vidar Ottesen i Norwell. Han fryktar konkursar innan torskeoppdrett. For få år sidan vart torskeoppdrett sett på som den store framtidsnæringa i kyst-Norge, og det vart sprøyta inn store pengar i næringa. Men torskeoppdrett er ei ny næring, som det har teke tid å utvikle. No er optimismen i ferd med å forvitre, oppdrettarne tener ikkje pengar og fiskeeksportør Ottesen ser mørkt på framtida for torskeoppdrettsnæringa. For medan laks og aure går så det susar, er oppdrettstorsken i ferd med å bli utkonkurrert. Villtorsk og oppdrettspanga – Auka kvotar av villtorsk forsterkar problema for oppdrettstorsken. Men det er først og fremst nye fiskeslag som pressar prisane og skaper problem, seier Ottesen. Den største konkurrenten er pangasius, ein kvitfisk som blir oppdretta i Vietnam, og som for alvor er i ferd med å innta fiskediskane. Medan det kostar nær 40 kroner å produsere eit kilo oppdrettstorsk, kostar det berre fem–seks kroner å ale opp pangaen, ein ferskvassfisk som blir fòra med rismjøl og bananer. – Då er det umogleg å konkurrere på pris, seier Ottesen, som reknar med ei avskaling i torskeoppdrettsnæringa. Laksen held stand – Laks og aure sel godt og får gode prisar. Men oppdrettstorsken er uråd å selje på eksportmarknaden med forteneste, og manglande inntening må få konsekvensar for mange oppdrettarar. – At Russland har innført importrestriksjonar på pangasius, fører til at Vietnam satsar sterkare på den vesteuropeiske marknaden, og aukar presset på kvitfiskprisane, seier Ottesen. – Torskenæringa slit Torskenærings slit, vedgår Odd Johannesen i interesseorganisjonen Havbrukerne, og det gjeld ikkje berre oppdrettsfisk, men også villfisken. – Torskefisket er godt, men fangstane går stort stort til lager, og prisane ligg langt under det oppdrettarne må ha for å tene pengar. Det er tøffe tider i bransjen, og at det kan kome avskaling og konkursar, kan vi ikkje sjå bort frå, seier Johannesen, som er redd for konsekvensane av den vietnamesiske oppdrettsfisken som no kjem inn på marknaden. Pangasius er ein kvitfisk av mallefamilien. Den liknar litt på hai og blir derfor også kalla haimalle. Kjøtet er kvitt og fast, og minner om raudspette. Fisken er ein ferskvassfisk som hovudsakleg blir oppdretta i Vietnam, men også i Kina, Japan og USA. Panga blir ikkje, som torsk og laks, fôra med marint fôr, men med bananer og rismjøl. Etter åtte månader har fisken ei slaktevekt på to kilo. – I den noverande situasjonen, med manglande kapital og inntening, er konkurransen frå pangasius det siste oppdrettsbransjen treng, seier leiaren av Havbrukerne, Odd Johannesen.
|